– Ver tolmodig! Intervju med Kulturkammeret i Arendal

Lagt til: 19.06.23

18 øvingsrom, konsertscene, teatersal, to lydstudio, visuelt verkstad – mellom anna! I Arendal har Kulturkammeret blitt til gjennom tolmodige prosessar og samarbeid på tvers av interessegrupper.

Vi tok ein prat med Linda Sætra som er konstituert kommunalsjef i Arendal kommune og Harald Halvorsen som er dagleg leiar for Kulturkammeret, avdeling Ungkultur.

– Vi såg til idretten, og korleis dei jobba for å få til sine lokaler og fasilitetar – kulturen blir ofte hengande bak.

Når dei perfekte lokala i 2016 vart ledige, og kommunen såg at dei kanskje kunne leige nabohuset frå private aktørar låg visjonen om Kulturkammeret klar. Dei ville fylle huset med ulike kulturaktivitetar og det skal vere ope og gratis for alle å booke.

Det er Arendal Kulturskole og Ung Kultur som driftar huset. Så i tillegg til kulturskulen sine aktivitetar er Kulturkammeret fylt med aktivitetar som ungdomstilbud, juniorklubb, gamingtilbod, voksen- og barne/ungdomskorps og diverse dansegrupper. Og under den årlege Arendalsuka er huset fylt med debattar og foredrag.

Et av mange øvingsrom. Foto: Mona Hauglid

– Fleksibilitet var difor viktig for oss – at romma kunne brukast til fleire ulike aktivitetar. Vi har mellom anna store salar med teppegarasjer, og skiftbare plater i taket i ulike rom slik at det kan passe både til lydsvak og lydsterk musikk. Under Arendalsuka er det tilrettelagt for foredrag med prosjektor og lerret og slikt.

Dei har forholdt seg til standardar for akustiske krav, men fordi behova endrar seg etterkvart er ikkje romma for spesialiserte. Det er heller ikkje dei aller mest tekniske, dyre romma.

Med eit slikt mangfald av aktivitetar er det mange ulike interesser som skal samarbeide. Sætra  meinar at det er sunt for miljøa at dei er samla på huset: – folk møter kvarandre i gangane, og får idear til samarbeid.

– Det er viktig at politikarane tek i vare interessene til dei brukargruppene som ikkje er like organiserte som for eksempel korps eller kor – ulike uformelle ungdomsaktivitetar treng også hus, påpeikar Sætra

I Kulturkammeret er det gratis og enkelt å booke rom, og Halvorsen fortel at det førebels er god kapasitet på å få rom, slik at det skal vere enkelt for eksempel for eit band å kome i gong med aktivitet. Halvorsen fortel at også det profesjonelle feltet brukar Kulturkammeret, for eksempel til preprod i forkant av turnear.


Kva er dykkar tips til folk som les dette og blir inspirert til å setje i gong ein prosess for å få til eit «kulturkammer» i sin by eller bygd?

– For det første er det viktig at det blir vedteke politisk. Det er trass alt offentlege midlar som krev at det er ein demokratisk prossess bak.

– Ver også open for samarbeid mellom det offentlege og det private, og samarbeid med ulike musikk- og kulturråd og interesseorganisasjonar. Dei har tett kunnskap til kva som beveger seg i feltet.

– Og hugs på dei uorganiserte brukargruppene!

– Og då er det viktig å vere tolmodig – Kulturkammeret vaks til over tid. Det er ikkje alltid like lett å bli einige, men det er viktig å skape tillit mellom partane – det er ulike partar med ulike interesser også etter at huset står klart, så samarbeidet er like viktig vidare i drifta!

Flere rom i bygget er fult utstyrt med øvingsutstyr til pop og rock. Foto Mona Hauglid

– For oss var det også viktig med førebyggingsperspektivet – den moglegheita dette huset gir med tanke på førebyggande arbeid blant ungdom er enorm!

Ja, det perspektivet vil eg også tru kan gi politisk drakraft i planlegginga av eit slikt hus på offentlege midlar.