Sjekkliste: Folkedans

Lagt til: 05.06.23

Denne sjekklisten er utviklet av Noregs ungdomslag og beskriver hva som trengs når dere skal bygge rom for folkedans:

  • Store rom med god golvplass. Må vere enkelt å rydde vekk eventuelle bord/stolar. Bør helst ikkje ha faste hindringar (søyler, rør, trinn eller anna) i rommet.
  • Godt dansegolv med god gli, helst tregolv. Veldig viktig for å unngå skade at det ikkje er for mykje friksjon eller at golvet er for seigt.
  • Golv som er «lov» å bruke, eller som toler slitasje.
  • Ok akustikk.
  • Tilgang til musikkanlegg/høgtalarar eller moglegheit for å lagre slikt utstyr. (Nokre lag brukar levande musikk, andre brukar digital eller innspelt musikk)
  • Tilgang til drikkevatn i eller i nærleiken av lokalet.
  • Positivt med tilgang til kaffikokar/vasskokar eller moglegheit for å lagre slikt utstyr.
  • God luft eller gode luftemoglegheiter/ventilasjon då aktiviteten gjerne genererer mykje varme.
  • Lokalet bør ikkje ligge slik at det kan forstyrre annan aktivitet. Dans + musikk = ein del lyd, slik at viss det er andre som treng stillerom vegg i vegg, så vil det fungere dårleg. Det er viktig at dansegruppene kan drive aktiviteten sin utan å måtte dempe seg ekstra.
  • Tilgang til stolar slik at ein kan sitje ved behov eller sitje ned i pausen.
  • Fint med moglegheit for å setje frå seg utesko og jakker utanfor rommet eller rett innanfor døra slik at ein ved vinterstid/våte dagar ikkje dreg med seg søle og vatn inn på sjølve dansegolvet.

I tillegg finner dere her en ressurs som også beskriver behov knyttet til flere typer rom for dans.